mandag 10. november 2008

Klassemiljøet 4


Å væra barn eller ungdom i dagens samfunn er ikkje alltid lika enkelt. Den trygge gode kjernefamilien er ikkje lenger så vanleg og ofte kan barna ha fire foreldre og mange søsken og forholda seg til. Mange barn har og foreldre med problem eller har ikkje foreldre i det heile. Dette gjer at barn og ungdom ofte manglar tryggleik og eit godt miljø i heimen. Barna tilbringer ein stor del av livet sitt på skulen. Det er difor viktig at ein kan legga til rette for eit godt skule og klassemiljø der barna kan føle seg trygge og oppleve meistring. Spørsmålet blir då korleis ein skal gjera dette? Korleis skal ein legga til rette for eit godt klassemiljø der alle kan føla tryggleik, glede og meistring?

Strategi for læringsmiljøet

For å hjelpa den enkelte skule til å skapa eit godt læringsmiljø har utdanningsdirektoratet utarbeidet Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringa 2005-08: ”Læringsmiljø i skole og lærerbedrift”. Barn og ungdom har krav på eit godt miljø, både fysisk og psykososialt. Arbeidet med dette miljøet er ein langtidsprosess som ikkje tar slutt. Det finnes ingen enkle vegar til eit godt læringsmiljø. Denne strategien skal hjelpa skulane til å setta seg mål, laga planar og sette i verk tiltak for å utvikla gode læringsmiljø. Forsking viser at tiltak som blir gjort av skulen som ein heilskap gjer dei beste resultata. Kunnskapsløftet har som mål å skape ein betre kultur for læring og utvikla læringsmiljøet i skular. Det er ein nær samanheng mellom god læring og godt læringsmiljø. Eit godt læringsmiljø bidrar til gode faglege prestasjonar, sosial kompetane og trivsel.(utdanningsdirektoratet)

Dette seier oss altså noko om kva som er måla frå utdanningsdirektoratet og kunnskapsløftet si sida. Dei vil legge opp til å skape gode læringsmiljø på skulane noko som igjen vil føra til auka læring og ei god sosialisering. Korleis skal ein så jobba som lærar for å få til eit godt læringsmiljø der alle skal trivast og ha det bra på skulen? Det eg vil sjå litt nærare på er sjølve klassemiljøet og korleis ein kan skapa eit godt klassemiljø.

Å skapa eit miljø

Lindahl (2007) skriv i si bok, ”Miljøløftet i skolen- strategi for bygging av gode klassemiljø”, om dette. Ho vel å samanlikna det å bygga gode klassemiljø med det å segla ein seglbåt. Ein er fyst av alt avhengig av ein kaptein som i dette tilfellet er læraren. Saman med kapteinen er det offiserar det vil seia, assistentar og andre lærarar. Elevane blir sett på som mannskapet om bord i seglskuta. Denne metaforen på lærarar og elevar er brukt til å visa korleis ein skal jobba i saman for å få til eit godt klassemiljø. For å legga ut på seilas er ein avhengig av at kapteinen og mannskapet jobbar godt i lag og saman utretta ting undervegs på seglasen.

Bakgrunnen for Lindahl (2007) si bok om klassemiljøet er at skulen skal væra med på å skapa eit meiningsfylt og trygt klassemiljø for elevane. Ofte blir arbeidet med eit godt klassemiljø nedprioritert på grunn av at eit sterkt fagleg fokus. Ein tenkjer meir på det faglige og måla ein settet seg i staden for å skape dette gjennom eit godt miljø i klassen. Dette er i grunnen litt rart med tanke på at kunnskapsløftet legger vekt på at det er viktig med eit godt klassemiljø og at dette fremmar læring.

Løysningsfokusert og ikkje problemfokusert


Lindahl (2007) peikar på at det tradisjonelle arbeidet som ofte har blitt gjort, med tanke på arbeid med klassemiljøet, har eit sterkt fokus på å rette på det som er gale. Ein ser problema og prøver å finne løysningar og retta på dei. Dette meiner Lindahl blir ein feil måte å tenka på. I staden for å sjå på problema ein har i ein klasse meinar ho at det er viktigare å sjå på kva som fungerar. Dette blir sett på som optimistisk tenking der ein er løysningsfokusert i staden for problemorientert. Hovudfokuset blir satt på det som fungerar og at ein skal jobba vidare med dette. Dette blir kalla ”Solution focused therapy”. Ofte er det små justeringar som skal til for å rette på eit problem. Grunntanken i dette er at dersom noko ikkje fungerar sluttar ein med dette og gjer noko anna. Ein bør heller leita etter områder som kan gje barnet positive opplevingar. Her er det og viktig å ta med på et ein ikkje bør endra på ting som fungerar bra i klassen. Dersom ein gjer ting som fungerar bra så må ein gjera meir av dette. (Lindahl, 2007)

Lærarens rolle


Lærarens rolle er utrulig viktig og kanskje den viktigaste for å skapa gode klassemiljø. Eg har tidlegare peika på Lindahl sin metafor på læraren som kaptein på ei seglskute. Det er utrulig viktig at kapteinen er ein tydleg leiar for sitt mannskap og at han skapar gode relasjonar mellom kapteinen, offiserane og mannskapet. For å skape desse gode relasjonane er det viktig å føra ein god dialog med elevane. Her peiker Lindahl( 2007) at måten ein snakkar til elevane på er utrulig viktig. Ho peikar blant anna på ein typisk situasjon der ein elev har snakka stygt til ein anna elev. Her blir ofte spørsmålet til eleven: Hvorfor snakket du så stygt til Marianne? Denne typen spørsmålsformulering vil ofte tvinge eleven som har snakka stygt til ein anna medelev i ein forsvarsposisjon der ein bryter ned relasjonen mellom vaksen og barn. I løysningsfokusert tilnærming vil spørsmålet bli: Hva må til for at du ikkje skal si stygge ting til Marianne? Her må barnet sjølv tenke positivt for å rette på problemet i staden for å svare på det negative.(Ibid)

Ein anna ting som er viktig er at ein tar elevane med i samtalen om kva ein skal gjera og korleis ein skal gjera ulike ting. På denne måten kan elevane delta i dei ulike prosessane å vera med på bestemma korleis ein skal stake ut kursen i skulekvardagen. Dette kan og vera med på å skapa ein indre motivasjon for elevane. I staden for at ting blir dradd ned over hovudet på dei kan dei delta aktivt i ein prosess der elevane har noko dei skal ha sagt og kan vera med å bestemma ting. Lærar skal sjølvsagt ha det siste ordet og vera den som bestemmer, men ved å ta elevane med på råd kan han skapa motiverte elevar som føle at dei har bidratt i ein prosess. (Ibid)

Klassemøte

Ideen om klassemøte som pedagogisk reiskap for å etablere gode relasjonar mellom elevane og lærar og mellom elevane er henta frå involverings pedagogikk. Lindahl (2007) kalla desse klassemøta for mini-/prosess møter. Grunntanken med dette er læraren leder an ein løysningsfokusert diskusjon om forhold som er viktige og interessante for elevane. Her kan elevane få ytra sine meiningar om ulike ting og drøfte i saman med lærar og medelevar korleis arbeidet i klasserommet fungerar. Gjennom ein slik diskusjon kan læraren få eit innblikk i korleis elevane har det og kva dei synest er kjekt, kva dei lærer og kva som kanskje må rettast på.( Lindahl, 2007) Måten dette kan gjerast på er mange. Det kan væra diskusjonar etter ein time, etter ein dag, etter ei veka eller etter at ein er ferdig med eit spesielt arbeid. Fokuset er at elevane skal få ytre si meining og at læraren får eit innblikk i korleis ulike ting fungerar.

Reglar og rutinar

Det er viktig å ha gode reglar og rutinar i eit klasserom. Kvart enkelt klasse bør ha sine eigne reglar som dei skal følja. Klassereglane bør ein lage i saman med elevane. Ein bør bli einig om eit visst anntall reglar som klassen skal følja og ha som rettesnor til ei kvar tid. Dersom det blir brot på desse er det viktig å sette seg ned i saman med elevane og ha ein samtale om kva som er blitt gjort og spørja kva som må til for at elevane skal følje reglane ein er blitt einige om. Det at elevane kan forma reglane i samspel med lærar er utrulig viktig i denne samanheng. Dette gjer at reglane blir deira eigne, noko som kanskje vil føra til at dei føljer dei på ein betre måte. Slike reglar bør innførast frå fyste stund ein byrjar å jobbe med ein klasse, slik at dei blir vant til desse og veit kva tid dei har gjort noko gale. Dette kan og vera eit nyttig verktøy å bruka for læraren dersom han vil peika på problem som oppstår i klassen. Da kan ein visa til reglar som ein har blitt einige om i saman å jobbe for at ein til ei kvar tid skal følgja desse.

Det å skapa gode rutinar er viktig i klasserommet. Særlig gjelder dette dei yngste elevane. Dersom ein ikkje har gode rutinar i det ein arbeidar med kan dette ofte vera ei kjelde til uro. Dette såg eg særlig igjen i min praksisperiode i haust på Langelang skule med 1. trinnet. Dersom ein ikkje hadde gode rutinar og triks og ulike metodar for å lage gode overgangar vart det med ein gang uro og ein dårleg stemning i klassen. Hadde ein derimot tenkt over ting på førehand og laga gode rutinar med fokus på overgangsfasar hadde ein ei betre føresetnad for å skape trivsel og eit godt miljø i timen. Noko som igjen vil smitte over på læringsutbytte til elevane.

Trivsel

Å skape trivsel og samhald i ein klasse er ein viktig føresetnad for å få til eit godt miljø i klassen. Dette kan gjerast ved å sette av tid til ulike aktivitetar der ein har fokus på at elevane skal ha det gøy i lag og at dei kan få positive opplevingar i samspel med andre. Dette kan for eksempel vera ein tur i marka der ein tenner eit bål og har ulike kjekke aktivitetar. Det kan væra ein klassetur til byen der ein kan gjera ulike ting i saman. Uansett kva ein gjer er hovudpoenget at ein kan skape gode opplevingar i saman, noko som vil føre til at ein kan få eit godt klassemiljø der alle kjenne at dei høyrer heime, og kan føle seg trygge. Ofte blir nok dette skyvd litt til sida på grunn av lita tid og mykje fagleg fokus. Eg trur likevel at det er viktig å sette av tid til sånne ting for å fremma eit godt samhald i gruppa. Ein anna ting som kan væra viktig i denne samanheng kan være å henge opp ulike ting elevane har laga og opplevd i saman på veggane. Dette kan væra bilete, teikningar og andre ting dei har jobba med individuelt og i saman med andre. Dette kan være med på å skape inspirasjon og motivasjon til vidare arbeid i saman som klasse.

Eit godt læringsmiljø har lite problemåtferd som mobbing, bråk og uro. Den enkelte elev og læring blir ivaretatt og opplevingar som einsamhet, mistrivsel og utryggleik er redusert. Læraren er truleg den viktigaste ressursen for å utvikla læringsmiljøet. Likevel må ikkje læraren bli ståande aleine ved problemåtferd. Det er heile skulen sitt ansvar. Den enkelte lærar må få støtte og veiledning frå skulens leiing og kollegar når problem oppstår. Samarbeid med foreldre er og viktig. (Utdanningsdirektoratet)

Avsluttning

Eg trur at eit godt læringsmiljø er nødvendig for å få til læring og meistring blant elevane. Dersom ein føler seg som ein del av ein klasse der alle får væra med å bidra vil ein og kunne dra det beste ut av kvarandre. På denne måten vil ein og kunna auka læringsutbytte. Det er viktig å ta seg tid til å jobbe med klassemiljøet. Her ber læraren på det største ansvaret og det er han som må ta tak i klassen og jobba med denne for å skapa eit godt miljø. Læraren må væra ein tydleg leiar samtidig som han kan føre ein god dialog med elevane sine, og lytte til kva dei meiner. Det er nemlig utrulig viktig etter mi meining å involvere elevane i prosessen. På denne måten trur eg at ein kan unngå mykje av den negativiteten og uviljen som ein ofte finn på blant anna ungdomstrinnet. Eg har sjølv vore i ein klasse på ungdomstrinnet som elev der lite fungera. Me hadde mange urolige elevar og ein lærar og administrasjon som takla dette på ein lite god måte.

Eg har tru på som Lindahl( 2007) seier at ein må ha meir fokus på det som fungerar i staden for å rote i alt som har gått gale. Det er ofte små endringar som skal til. Det å kunne finne på noko gøy i saman og jobbe med å skape trivsel i klassen må ein ganske enkelt sette av tid til. Eg har sterk tru på at slike tiltak vil lønne seg og føre til at ein kan få eit godt klassemiljø der alle kjenn seg trygge og i saman kan møte dei faglige og menneskelige utfordringane som møter.

Kjelder:

Lindahl,S(2007)Miljøløftet i skolen-strategi for bygging av gode klassemiljø.Gylendal Forlag Oslo
Læringsmiljø i skole og lærebedrift. Strategi for læringsmiljøet i grunnopplæringen. Hentet fra:
http://www.utdanningsdirektoratet.no/upload/laringsmiljo.pdf

3 kommentarer:

Anna Kristin sa...

Hei, Gunnar!

Eit viktig tema du skriv om i dette innlegget. Eg er einig med deg når du skriv at eit godt klassemiljø fører til eit godt læringsmiljø. Dette er noko læraren må jobba med heile tida. Du nemnde fleire gode tiltak her! Flott at du tek med dette om at det er viktig å fokusera på det positive, og det som fungerer bra! Viss eg skal vera litt pirkete, så fann eg nokre bokmålsord inni mellom nynorsken... Og nokre bilete hadde ikkje skada.... Men alt i alt, eit godt innlegg!
Lukka til med det siste!

Mvh
Anna Kristin

Gerd Elin sa...

Hei!
Det er eit solid innlegg du har skrive. Du startar med å stadfesta at det er viktig å jobba for eit godt klassemiljø. Etter kvart kjem du med eigne erfaringar og forslag til tiltak. God læring og godt læringsmiljø heng saman, som du seier. Eg syntes det høyres lurt ut å formulere spørsmåla annleis, når ein skal konfrontere barn med at dei har gjort noko gale... Kva skal til for at du ikkje skal gjera det... igjen? Å jobba for eit positivt miljø i klassen vil me som lærarar og ha igjen for, trur eg. Flott Gunnar.
Når dette er sagt, må eg pirka litt. Det er trist at eit så bra innhald skal ha ein så lite lesarvennleg innpakking. Eg vil føreslå mellomtitlar og bilete. Helst ville eg og endra profilen frå svart...
Lykke til som lærar!
Gerd Elin

Gunnar sa...

Hei og takk for kommentarar.

Skal ta meg ein eksta korrekturlesing på innlegget å prøve å få bukt med bokmålsorda. Har hatt litt problem å få bilde inn i bloggen men no fiksa det seg og.

Har endra formatet på bloggen Gerd Elin for å gjera den meir lesarvenleg.

Mvh. Gunnar