tirsdag 2. desember 2008

Grensesetting i skulen Innlegg 5


Den ideelle klasseromsituasjon vil for mange lærarar væra elevar som jobbar rolig og disiplinert med arbeidsoppgåvene som dei blir tildelte. Klassen har ingen uro moment og ein kan jobbe på mange forskjellige måtar utan at det blir uro av det. Tenk så enkelt det hadde vore dersom skulekvardagen hadde vore slik. Det hadde kanskje blitt litt kjeisamt etter kvart, men ein kunne brukt all sin energi og krefter som lærar på å formidla det faglige til elevane. No er det no ein gang slik at i dei fleste klasserom så må ein jobba med å få ro, og jobba med elevar som er urolige. Det blir ein del av arbeidsoppgåva til læraren. Spørsmålet blir då korleis ein skal jobba med elevar og klassar som er urolige og skapar uro? Ofte er det elevar som vil teste grense dine, særleg om ein kjem inn i ein vikar situasjon eller liknande. Kva gjer ein då? Her er det ganske sikkert mange vegar å gå fram for å få bukt med slike problem. Eg vil sjå på nokon av desse for å få eit innblikk korleis ein kan setta grenser, og takla problem som kan oppstå i klasserommet.

Tidleg i allmennlærar utdanninga vart me som studentar kjent med tre ulike typar ein kunne væra som lærar. Den var den autoritære læraren som var veldig streng, den demokratiske der det var rom for diskusjon eller ”la humla suse” læraren som ikkje var spesielt streng. Dette handlar då om korleis ein skal væra som lærar for sine medelevar. Skal ein væra veldig streng, meir demokratisk eller kanskje litt snill for å oppnå dei måla ein setter seg. Ein skal ha autoritet utan å væra ein autoritær. Målet blir dermed at ein skal bli ein så god leiar at dette med arbeidsro og arbeidsinnstilling blir etablert som ein naturleg basis for klassens daglege virke.( Flack, 2001)

”Eg er sjefen”
Det er viktig at du som lærar i ein klasse tydleg viser at det er du som er sjefen. Læraren bestemmer her og det er viktig å ha eit godt leiarskap i klassen. Klassen er ein organisasjon av mange menneske som skal samarbeida i lag for å få ting til å fungera. Dersom ikkje du som lærar er ein tydleg sjef er det nok av kandidatar i klasserommet som gjerne vil overta di rolle som sjef. Ofte vil det då bli dei sterkaste, mest pågåande elevane som blir sjefar. Dette betyr ikkje at ein ikkje kan væra demokratisk. Ein god leiar er ein demokratisk sjef, men altså sjef. (Ibid)


Kva skal ein så godta og ikkje godta, når det gjeld elevanes åtferd. Sjølv om ein har ein ganske god ide om kva som er ynskja åtferd og kva som er ikkje ynskja åtferd kan det ofte væra vanskelig å stå på sitt når elevars sterke vilje står opp mot lærarens. Ofte kan elevar væra svært verbalt dyktige, og ha gode argument for eigne ynskjer og standpunkt. Andre elevar er kanskje kjensle messig ustabile, og vil slå seg vrange dersom dei ikkje får det som dei vil. Alt dette gjer rolla som leiar i klasserommet vanskelig. Likevel er det ein ting ein må halda fast på. Det er læraren som er den vaksne, det er læraren som må ta ansvaret både for undervisning og korleis ein skal handtera konfliktar med elevar. (Ibid)

Korleis hanterda uynskja åtferd?

Eit vanlig problem i skulen er altså korleis ein skal få elvane til å slutta med uakseptabel åtferd. I følgje Skinner vil åtferd som ikkje forsterkast forsvinna av seg sjølv. Hovudregelen vil då bli at uynskja åtferd ikkje må få konsekvensar på noko måte, men tvert om bli ignorert.(Imsen, 2006) Det å oversjå uynskja åtferd i klasserommet i håp om at den skal forsvinna av seg sjølv er ofte vanskelig. Ein elev som bråkar, er uhøfleg eller saboterar må få påtale av ein eller anna form. Dersom ein ikkje gjer dette vil denne elevens oppførsel få sosiale implikasjonar i form av at medelevar ser at dette går ann og ikkje får konsekvensar og fører til at dei og kan gjera slik. Det skjer også at elevane ventar at læraren skal gripe inn. Dei lager bråk ganske enkelt for å testa læraren sine grenser. Dersom ein da ikkje markerar grenser kan læraren komme dårleg ut på lang sikt. Å oversjå uynskja åtferd må altså ikkje sjåast slik at ein ikkje skal sette grenser for elevane. Spørsmålet er bare om grenser kan markerast på ein slik måte at ein unngår uheldige sideverknadar som nettopp uønska åtferd.(Ibid)

Ein måte å stoppe uynskja åtferd er å bruka teknikken ”uforenleg atferd” Dersom ein elev bråkar, er han ikkje samtidig rolig. Å svinsa rundt i klasserommet er uforenlig med det å sitta i ro på pulten. Makter ein å få eleven til å sitte i ro eller væra rolig såpass lenge at ein kan rosa han for det, er ein straks inne på rett vei for å fjerna den uønska åferda.(Ibid)


Korleis skal ein så handtera ein elev som bråkar i klassen?


Flack(2001) meiner det er viktig å konfrontere desse elevane ein til ein. Det vil seia at ein går heilt bort til eleven som uroar og snakkar til denne eleven med roleg stemme. Du fortel at dette er uynskja åtferd i frå eleven og at dette ikkje er lov. Det er viktig at du ikkje går inn i noko diskusjon med elven på dette tidspunktet. Du prøver å få eleven til å forstå at dette ikkje er lov og at han eller ho må kutte ut dette. Flack meinar at det er veldig viktig at ein henvend seg til ein elev i gangen. Dette for å unngå at effekten av det ein skal sei blir delt på tre, dersom det er tre elevar involvert i uroa. Dersom ein har fleire elevar som uroar så skal ein og her snakka med ein elev i gangen. Da vil ofte responsen frå eleven væra at det ikkje var berre var han som uroa. Det er då viktig at læraren forklarar at no snakkar du i lag med denne eleven og korleis han har oppført seg, før du går vidare til neste elev og snakkar med ho. Ein kvar form for maktdemonstrasjon er bannlyst. Får du elven til å tape ansikt har du skapa deg ein fiende som det ganske sikkert vil væra vanskeleg å samarbeida med i framtida. (Flack, 2001)


Utvisning frå timen

Av og til er det elever som ikkje vil la klassen få arbeidsro. Ein har kanskje konfrontert dei fleire gangar, men uroa startar på nytt. Då er det kanskje ikkje andre alternativ enn å sende eleven ut i frå timen. Flack (2001) meiner at elevane berre bør blir snakka til ein gang. Dersom dei ikkje då endra åtferd må dei ut. Måten ho meiner då er riktig er at elevane får beskjed om å gå ut på gangen å tenke seg om og ikkje komme inn igjen før dei har bestemt seg for å følgja reglane som ein har i klasserommet. Hennar erfaring er at elevane då får litt tid til å tenke seg om før dei kjem inn igjen for å gjera slik dei skal.

I samband med dette har eg lyst å nemne Langeland skule sin praksis på dette området. Den tidligare rektoren på denne skulen hadde ein veldig klar måte å tenke på dersom slike problem oppsto. Dersom ein elev ikkje klarte å oppføra seg å følgja reglane i klasserommet hadde eleven to val. Eleven kunne enten skifte åtferd å begynne å oppføre seg på ein ordentlig måte. Dersom dette ikkje skjedde så måtte eleven ut av klasserommet, og foreldra måtte kontaktast. Dette av den enkle grunn at uynskja åtferd i klasserommet måtte slåast hardt ned på. Elevane skulle forstå at dersom dei ikkje kan oppføra seg å gjera som læraren seier så må dei ut av klasserommet og foreldra må kontaktast. Dette førte ofte til at elevane skjønna at dersom dei fekk ein klar beskjed om at dei no hadde to val, så ville dei som oftast oppføra seg og endra åferda si.

Eleven nektar å gå ut

Dette kan også skje. Du har gitt eleven beskjed om å gå ut, men han nektar plent. Dette er ein situasjon som særleg vikarar og nyutdanna lærarar ofte kan komma opp i. Det er ikkje grenser for kva grenser eleven vil testa ut så lenge dei tør. Det ein må har klart for seg er at om ein har bedt eleven om å gå ut så har ein gjort det, det er ingen vei tilbake. Da må ein forklara eleven at om dersom han ikkje vil gå ut frivillig så må du som lærar gå å henta hjelp for å få han ut. (Flack, 2001) Som oftast vil nok eleven gå ut når ein hentar rektor eller ein annan i frå administrasjonen. Det viktige er at ein ikkje firar på krava når ein først har gitt ein elev beskjed om å gå ut. I dette tilfellet var det ein elev som var ute etter å teste grenser hos læraren og fekk vist at det ikkje nytta å nekta.

Rektor si rolla

Sender ein eleven til rektor så bør dette vera for at han/ho eller andre i administrasjonen kan ha omsyn til denne eleven til timen til læraren er over. Då bør læraren henta eleven hos rektor å snakka med eleven om kva som har skjedd. Det er din elev, og det er du som må ta oppgjøret med han. Det er då viktig å snakka om det som har skjedd og ordna opp i problema. Kanskje kan det være nyttig å lage avtalar med eleven til å forandre på åtferda hans? Samarbeidet med rektor i frå lærarens sin side bør vera rådføring og diskusjon av korleis ein skal handtera ulike problem. Det bør ikkje vera rektor som ordnar opp i problema i klassen, men du som lærar. (Flick, 2001)

Det å væra konsekvent som lærar er utrulig viktig. Sjølv om dette ikkje alltid er like enkelt og inn i mellom må ein gjera forandringar, så er det viktig å ha detta som eit prinsipp. Dette kan hjelpa deg langt på vei i å takle åtferdsproblem i klasserommet. Det kan væra frå heilt enkle ting som å rekke opp handa og ikkje svare før ein vert spurd til det å ikkje tolerera uønska åtferd i klasserommet. Det er viktig å væra konsekvent på klassereglar og at ein ikkje kan tolererer eit type åtferd ein gang medan ein annan gang slår hardt ned på det same. (Ibid)

Det å heva stemma har lite for seg i klasseromet. Det er mykje betre å snakka rolig til elevane. Ein klarer aldri å konkurrera mot den samla støyen som elevane lagar likevel. Det vil vera mykje meir føremålsteneleg å gå heilt bort til eleven å snakke rolig til han enn å stå fremme med kateteret å brøla. Det er ikkje dermed sagt at du ikkje skal visa at du er sint og at du meiner det du seier, men mykje av dette får du sagt med kroppsbruk og auga.( Ibid) Ein lærar eg hadde i praksis eit år snakka litt om akkurat dette. Ho meina at det å heva stemma og slå neven i bordet når uroa tok overhand hadde effekt kunn to gangar i halvåret. Dersom ein gjorde detta til støtt og stadigheit hadde det inga effekt.

Avsluttning

Til slutt vil eg sei at det er ingen fasit når ein jobbar med menneske. Framgangsmåtane for å løysa problem kan væra ulike frå kva person du har med å gjera. Eit tilfelle er ulikt frå neste og må kanskje løysast på ein annan måte. Sjølv har er veldig god tru på det Ismen (2006) skriv om åtferdsmodifikasjon og klasseroms kontroll. Det går på at ynskelige handlingar må ha positive konsekvensar. Jobbar ein med elevar som har åtferdsproblem og lagar uro i klassen så er ikkje nødvendigvis ris og sanksjonar vegen å gå. Det å gje ros og lønna rett åtferd er mykje viktigare. Sjølvsagt må uynskja handlingar få konsekvensar, men ein bør heller ha fokuset på problemløysing i staden for å ha fokus på problema.


Eg trur læraren kjem langt med grensettinga i klasserommet gjennom å vera konsekvent og væra ein autoritet utan å væra autoritær. Målet blir dermed at ein skal bli ein så god leiar at dette med arbeidsro og arbeidsinnstilling blir etablert som ein naturleg basis for klassens daglege virke.



Kjelder

Flack, K (2001): Det får vera grenser. En bok om klasseromsledelse og grensesetting i skolen. Tingleff Forlag Oslo.
Imsen, G (2006): Elevens verden. Innføring i pedagogisk psykologi. Universitetsforlaget, Oslo.

5 kommentarer:

Birgit E. Olsen Bratseth sa...

Det glapp litt på slutten der, Gunnar: "(...)Eg trur læraren kjem langt med grensettinga i klasserommet gjennom å vera konsekvent og væra autoritær utan å væra ein autoritet." Eg trur nok du meinte å vera ein autoritet utan å være autoritær? Det var den hårfine balansen mellom autoritet og varme som eg har snakka meg varm om, veit du...
Birgit :-)

Gunnar sa...

Sett:)

MALIN E. KRAKK sa...

Hei Gunnar!

Det er et spennende tema du har valgt å skrive om i det siste innlegget ditt. Det er også et vanskelig tema, som du selv sier. Jeg synest det er fint at du poengterer det med å ha autoritet, uten å være autoritær. Å finne en god balansegang her, er nok noe en må jobbe med! :)

Flott at du tar med eksempler på hvordan grensesetting kan gjøres. Det kan være vanskelig å vite om en er for streng, eller om en bare MÅ gjøre slike grep i de aktuelle situasjonene. Disse metodene fungerer ikke i alle sammenhenger, som det kan være godt å vite hvordan en KAN velge å takle slike situasjoner.

Du skriver godt, og er tydelig godt reflektert. Det virker som om du har satt deg godt inn i temaet, og at du har gjort deg opp gode tanker. Du er også flink til å vise til kilder i teksten! Kanksje du kunne fått inn noen markerte deloverkrifter? Ellers veldig bra!

Malin:)

Gunnar sa...

Hei og takk for kommentar Malin.

Prøvd å få inn ein del deloverskrifter for å gjera teksta meir ryddig.

Gunnar

Ane Kesia sa...

Mange viktige faktorer her å tenke gjennom for å kunne fremstå som " den gode læreren".

Det er et godt, og veldig faglig relevant tema du her tar opp, og budskapet ditt kommer også tydelig fram i teksten.

Å møte elevene der de er, framheve ros framfor ris, være konsekvent og sist men ikke minst være en tydelig voksen er viktige stikkord jeg tar med meg videre.

Du har god struktur, teksten er godt fomulert og har god kildehenvisning.
Det er ikke alltid kvantiteten av kildebruk som er avgjørende, men kvaliteten på dem en bruker:)

Gode pedagogiske grep og metoder, som gir veiledende hjelp til hva og hvordan en kan takle ulike situasjoner. Bra!

...og deloverskiftene er på plass, for jeg savnet ingenting her:)

Godt jobba!! og
GOD JUL
Ane Kesia