mandag 8. september 2008

Leik og læring 1


Når 1. klassingen begynner på skulen er dei i alderen 5-6 år. Mange av dei kjem frå barnehagar medan nokon kanskje har vore heima med mor eller far. Uansett så er det ein ny kvardag som møter dei. Dei er no begynt i skulen og skal læra seg å lesa, skriva og rekna slik som alle andre. I byrjinga er det mykje som er heilt nytt og ganske sikkert litt skummelt for 1. klassingane. Dei møter nye vener, ein eller fleire lærarar og ein ny plass der dei skal tilbringa mykje tid framover. Det som er viktig i denne fyste perioden er at elevane bli vant med sine nye omgjevnader og blir sosialiserte i den nye klassen. Samtidig byrjar læreprosessen med ein gang. Innlæringa av bokstavar og tall er noko som møter dei meir eller mindre kvar dag. Det er mange ulike metodar å nytta i denne innlæringa og ulike lærarar har nok mange forskjellige erfaringar med nettopp dette.

Leik og læring hand i hand

Leik er viktig for elevane i denne alderen. Dei leikar heime, på vei til skulen, på skulen i friminutta osv. Det er ein viktig og kjekk aktivitet for ungane som dei på lærar av og lærar det å kommunisera med andre ungar. Korleis blir det då å dra leiken inn i klasserommet? Kan 1. klassingane lære gjennom leiken sidan dei har eit utbytte av den i andre samanhengar? Og kan leik vera ein av fleire metodar læraren kan bruka i læringsprosessen til ungane?

Svaret på dette er sjølvsagt ja. Leik og læring kan gå hand i hand og er særlig viktig for elevane i ein tidleg alder. Kva er det då som gjer at leiken er så viktig for ungane. Torill Hanssen har peika på nokon særleg viktige punkt i sin fagartikkel om leik og læring:

• Trener evnen til å ta og oppretthalde kontakt med andre over tid
• Utviklar sjølvstendigheit , kreativitet og fleksibilitet.
• Evnen til å samarbeide, å ta hensyn og visa omsorg
• Læra positive normer for samspill
• Er utviklande for det mutnlige språket. ( Basisferdighet i LK06)
• Opparbeidar ferdighet i kommunikasjon på fleire plan( Basisfedighet i LK06)
• Prøve ut eigne erfaringar og opplevingar og slik forsterke eigen kunnskapar
• Barn er modige i leik fordi det er lavrisikoarena- Muligheitane dette gjer for faglig utvikling i ulike fag.
• Leiken gjer mulighet til å trene på roller som tilhører voksenverdenen
( Hanssen, 2007,s.4 )
Ut i frå desse punkta får ein eit bilde av kva det er som gjer at leiken er så viktig for ungane. Desse punkta kan ein dra nytte av og knytte direkte til undervisninga. Ein finner blant anna to punkter som går inn under basisferdighetane i LK06 som går på det munnlige språket og kommunikasjon på fleire plan.

To ulike grunnsyn

Innanfor læring kan ein grovt sett seia at ein har to ulike grunnsyn. Ei retning som går på å formidle kunnskap til andre gjennom samtale, dialog og førelesning og ei retning som seier at barn lærer best gjennom sanseerfaringar og gjennom det å vera aktive sjølve. ( Skram, 2007) Det vil seia at læring på det eine måten føregår gjennom at læraren formidlar kunnskapen til elevane. Dette kan vera gjennom tavleundervisning, det å snakke med elevane og undre seg saman med dei. Her er det læraren som styrar aktiviteten og elevane høyrer etter. I det andre tilfellet er elevane meir aktive. Dei arbeidar sjølve med ulike aktivitetar og lærer gjennom å gjere ting sjølve eller i samspel med andre. Her blir det altså eit spørsmål om metodevalg.


Kritikk mot leiken

Ein kritikk som ofte er komen i samband med den norske skule er at det er for mykje leik og for lite læring i dei tidlige stadia for elevane. Det er imidlertidig ingen motsetnad mellom det å læra å det å leika. Er det nokon ein sikkert kan seie er det nettopp det at barn lærar og utviklar seg gjennom leik. ( Ibid) Ein skal samtidig ikkje likestille det å leike å det å læra. Leik er ein av mange vegar som fører til læring. (Ibid) Leik er altså ein særleg viktig metode for læring i en tidleg alder. Eit av hovudpoenga til John Dewey, opphavsmannen til begrepet ”learning by doing”, og Piaget er at barn lærar gjennom å handle og vera aktive. Ein må på ein måte ikkje gå tilbake i tid å tru at barn lærar kunn ved å sitte i ro ved pultane sine å pugga. Ein må gje barn opplevingar og erfaringar som oppstår nettopp gjennom leik og andre aktivitetar. Samtidig må ein huske på at ein ikkje skal forkaste den tradisjonelle undervisninga, men derimot hugse på at det er mange måtar som fører til læring. ( Ibid) Korleis skal ein då bruke leiken i undervisninga på ein god måte? Her er det mange og ulike framgangsmåtar og metodar. Det eg vil sjå litt nærare på her eg konstruksjonsleiken og rolleleiken og korleis ein kan bruke desse som læringsmetodar.


Leik som metode

Trageton har i sin verkstadspedagogikk (leik som meotde) retta søkelyset mot konstruksjonsleiken. Dette bygger på Dewyes teori om ”learning by doing” og Piagets påstand om at yngste i skulen ikkje kan tileigna seg isolert – operasjonell kunnskap.( Hanssen, 2007) I denne verkstadspedagogikken det er snakk om her er det eit stasjonsarbeid med sand, leire, byggeklossar, faste materialar og mykje fleksible materialar. Her arbeidar elevane i grupper som jobbar på kvar sin stasjon. Her går pedagogane rundt til elevane på gruppene og snakkar med dei om kva dei gjer på dei ulike stasjonane. Kva gjer dei, kvifor gjer dei dette og kva tenker elevane. Ut i frå denne tankegangen vil denne måten å arbeide på føre til at den konkrete leken veks fram til meir konkret kunnskap.( Ibid) For å gjera denne metoden litt meir konkret vil eg visa til eit eksempel eg såg då me var ute i observasjonspraksis i 1. klasse på Langeland skule. Her jobba elevane me innlæringa av bokstaven L. Dette skulle skje gjennom eit stasjonsarbeid som dei hadde som ein fast arbeidsmetode i innlæringa av bokstavar. I dette arbeidet hadde elevane faste grupper dei jobba i og bytta stasjon etter ei viss tid. På stasjonane fant ein blant anna forming av modellkitt, byggjeklossar, maling, datamaskinar osv. Her vart altså konstruksjonsleiken i stor grad brukt til å læra seg bokstaven L. Her gjekk den konkrete leken med å utforma bokstavar over til å truleg bli meir abstrakt kunnskap for elevane.

Konstruksjonsleik

Like viktig som at konstruksjonsleiken er ein metode, er leikeforma som utfolding. Leik med materiale er konstruksjonsleik enten det skjer i fri ufolding eller som metode. I denne leiken er det avhengig at vaksne organiserer miljøet både med tanke på utstyret og læringsmiljøet.(Ibid) Det som og er viktig for læraren er å tenkje på at ein har eit føremål og eit spesielt mål for aktiviteten. I eksempelet overfor var det nettopp det å læra å kjenne bokstaven L som var målet. Då må ein legge til rette for at dette skal skje i gjennom konstruksjonsleiken og eventuelt skifte ut eller endre på aktivitetar som fungerar mindre bra til dette føremålet.

Rolleleik

Rolleleik er ein leikeform der barnet trer inn i ei rolle eller ein gjenstand som ikkje samsvarer med den ein er i verkligheiten.( Ibid) Det kan for eksempel vera eit troll ein busk eller liknande. Det som er karakteristisk for denne leiken er at det som oftast blir skapa ei historie.(Ibid) Rolleleiken kan brukast til så mangt i undervisninga. Det kan til dømes å vera når ein leikar butikk innafor matematikken. Ein har ein kiosk med ein ekspeditør og kundar som vil kjøpe varer. Det kan og knytast til Rle. der det er snakk om ei historisk hending eller liknande ein vil læra elevane. Det som kan vera bra med rolleleiken er som eg nemnte under viktige punkt om leik og læring, at leik er lavrisiko arena og dette kan føre til at elevane kanskje slepper seg meir laus enn det som elles er vanleg. Eg trur og at elevane har eit betydeleg læringsutbytte av å læra ulike ting innafor rolleleik. Som nemnt tidligare under konstruksjonsleik er det viktig at læraren gjer eit grundig forarbeid og legger til rette for at elevane skal får eit godt læringsutbytte.


Metodevariasjon


Sjølv om leiken er viktig i denne alderen må ein ikkje gløyme å ha metodevariasjon. ”Leik bør ha sin rettmessige plass i kombinasjon med andre metodiske tilnærmingar” (Hanssen, 2007, s 21) I boka Leik og læring i samspel av Dag Skram (2007) viser Skram til eit intervju med småskule lærar der dei framhevar at ungar lærer best i gjennom variasjon der ein vekslar mellom undervisnings, arbeids og leikeøkter. Her vart det også understreka kor viktig det er at læraren er tydleg i sin åtferd og signal til elevane. Skal ein jobbe med oppgåver så må ein vere veldig tydeleg på dette og er det ein meir leikprega aktivitet der ein kan sleppe eg litt laus er det rom for det. ( Skram, 2007)

Ein kan altså fastslå at leiken er viktig for borna i ein tidleg skulealder. Korleis ein vil legga opp til læring gjennom leik er altså eit spørsmål om metodevalg. Her trur eg og ein må sjå litt på kva som fungerar på sine elevar. Det som fungerar godt i ein klasse treng ikkje fungera so godt i neste klasse. Ein må nok prøve seg litt fram. Observasjon av leiken kan då vera eit nøkkelord. På denne måten kan ein læra sine elevar å kjenne og sjå kva dei likar og engasjerar seg for.

Kjelder:

Hanssen, T.( 2007) Fagartikkel om lek. Stord: Høgskulen Stord/Haugesund.
Skram, D.( 2007) Leik og læring i samspel: Pedagogisk arbeid i småskulen. Oslo: Det norske samlag.